I studio igjen

Måndag 8. januar 2024 var eg i studio for sjette gong, då spelte eg inn "Grovskjeva med smør og kvitost på", det er ein song eg skreiv til far min då han døydde for 12 år sidan. Denne songen hyllar den personen han var og eg gler meg til å kunne gi den ut. Eg hadde nok ein gong Kjetil Ulland som produsent, musikarane var dei "faste": Torbjørn Økland, Rudolf Fredly, Vegard Fossum og Lars Erik Støle. Vanvittig dyktig gjeng. ABC studio er plassen. 

F.v: Torbjørn Økland, Vegard Fossum, Rudolf Fredly, Lars Eirik Støle og Kjetil Ullan heilt til høgre. Foto: Jarle Nordtveit Åsheim.

Venner

Denne songen skreiv eg for lenge sidan, kanskje på slutten av nittitalet. Eg har hatt ein gjeng som eg har vore saman med i alle år, me kallar oss for "HytteGytte", og det er ein kompisgjeng som har holdt saman sidan barneåra. Me har alltid vore der for kvarandre og denne songen er ein hyllest til vennskapet vårt, i tjukt og tynt.  

For meg har denne gjengen betydd veldig mykje og eg håpar denne songen kan beskrive korleis me har det saman og kva me gjer for kvarandre.  

Det er viktig med venner, ta vare på kvarandre og inkluder også nye medlemmer som svogeren min Johnny, han kom inn i gjengen på eit seinare tidspunkt og har glidd rett inn.  

Håpar også denne songen kan inspirera folk til å finne tilbake til kvarandre, det er viktig å ta vare på banda ein har hatt og har. 

 

 

Ny innspeling

Måndag 11. september 2023 går eg igjen i ABC studio for å spela inn min femte låt. Eg gler meg vanvittig, no er det ikkje lenge til eg er ferdig med min første EP (8 låtar). Produsent skal igjen vera Kjetil Ulland frå Sandeid, med dyktige musikarar: Torbjørn Økland, Rudolf Fredly, Vegard Fossum og Lars Eirik Støle. Følg med her for meir info.

Her frå ABC studio og innspeling av ein av mine tidlegare låtar F.v: Torbjørn Økland, Rudolf Fredly, Lars Eirik Støle, Kjetil Ulland og Vegard Fossum (delvis skjult).

Bygdå mi

19. mai 2023 kom min fjerde singel ut, Bygdå mi. I 1977 flytta eg til Vikedal frå storbyen Stavanger, å flytta i seg sjølv er skummelt for ein åtteåring. Eg må seia at eg grudde meg veldig til å flytte frå mine venner og familie i Stavanger til ei lita bygd eg knapt hadde høyrt om, dvs eg hadde onkel, tante og søskenbarn her. Hadde vore på besøk då, men var bygut og likte støy og bråk.

Då eg var 8 år flytta me altså til Vikedal, eg var redd då eg reiste frå mine trygge forhold i byen til ei lita bygd i Vindafjord. Men, det gjekk ikkje lang tid før eg var frelst, blei tatt godt i mot, fekk fort venner. Eg var jo heldig som hadde søskenbarna Tore og Mette her, det hjalp. Tore og eg gjekk i same klasse. Eg kvitta meg fort med siddisdialekta og blei bygdagut på heiltid. 

 

Eg er så heldig å ha fått vokst opp i Vikedal, ei fantastisk bygd, der eg har følt meg trygg og hatt mange gode stunder i, no har eigen familie med to små jenter som eg er så glad får sin oppvekst i same bygda som eg har vokst opp i. Kona Inga Elise er Ølensbu og har blitt Vikedalsbu, ho også trivst vanvittig bra i denne bygdå. 

Vikedal, eg er så glad i plassen at eg har laga ein eigen song som heiter "Bygdå mi", den hyller den flotte plassen med så nydelig natur, kjekke folk og mykje ulik aktiviteter. Denne songen fekk eg lov til å spele på TVNorge då "Gøy på landet" var på besøk i bygda. Dette er min fjerde singel, håpar spesielt at bygdefolket spelar den til mobilen luktar svidd når den kjem ut på Spotify og andre streame tenestar fredag 19.mai. 

 

Eg har vore heldig og er så glad for at mine ungar får vokse opp i ei bygd som me er så glade og stolte over - det er eit privilegium. 19. mai kom den altså, "Bygdå mi (Vikedal)".

 

Klikk her for å høyre låta.

 

 

Nødslakt

2. desember kom min nye singel "Nødslakt" ut. På denne har eg fått med meg Kjetil Stople på. Stople spelte saman med meg i FESband for  over 10 år sidan. Stople har vore med å skrive teksten til denne songen i lag med meg, som har komponert songen. Denne skreiv eg til opninga av eit nybygg på Fatland slakteri for ei tid tilbake, og FESband (Kjetil Stople og Nils Erik Eide) opptrådde med denne songen på opninga. Den handlar om ein av nødslaktsjåførane på Fatland slakteri, Anti, som har kjørt denne bilen så lenge ein kan hugsa. Songen er spelt inn i ABC Studio med Kjetil Ulland som produsent og kan høyrast på Spotify og andre streametenestar. Klikk her for å høyre låta.

Fjelltur

24.juni 2022 kom det ein ny singel frå N i l s y, den heiter "Fjelltur" og handlar om då N i l s y hadde vore litt for lenge på fest på den lokale puben. Som straff så tvinga kjærast og søstera han med på ein fjelltur dagen derpå. Turen var så slitsam at han blei inspirert til å skriva ein liten song om denne turen. Det blei nok ein lærepenge, han har ikkje gjort denne tabben etterpå- Når det er sagt så vart det ein fin tur til slutt, og det er absolutt å anbefala etter ein tur på by'n, ta turen ut i staden for å liggja på sofaen og sture:-) Kjetil Stople er medtekstforfattar, og desse to spelte denne songen mykje då dei rulte i distriktet som FESband for ein del år tilbake. 

Denne låta er altså å finne på Spotify og andre streametenestar...


Jentene på benken

Då har eg gjort nåke eg har drømt om lenge, eg har spelt inn min første låt i ABC studio. Eg har skrive låtar sidan starten på nittitalet. 

Låta eg har spelt inn skreiv eg då eg var lærar på Vikedal skule på slutten av nittitalet, den heiter «Jentene på benken» og handlar om tida før mobilen, då folk måtte ut for å møtast. Eg gjekk og kjørte ofte forbi Sommerhaven, der var det ein benk - kvar gong eg kjørte forbi, sat dei der - jentene på benken. Denne låta spelte eg saman med Kjetil Stople i FESband då me rulte i distriktet til god stemning for ei tid tilbake. 

Coveret til singelen er ekte bilde frå den tida med dei same jentene som låta handlar om. Anne Gunn Halvorsen, Janette Belinda Grimås, Elisabeth Høiland og Siv Unni Matre (fotografen som ikkje viser på bildet). Det er fantastisk at dei brukte tid på å finne dette bildet til meg, takk for det… 

Singelen kom ut 17.desember på straumetenester, sjekk ut låta mi på Spotify her. Den er også å finne på YouTube her.
  
Produsent har vore min gamle militærkompis Kjetil Ulland, og eg var så heldig å ha desse proffe og anerkjende musikarane Torbjørn Økland (strenger og kor), Rudolf Fredly (bass), Vegard Fossum (trommer), Lars Eirik Støle (tangentar og kor)
Sjekk ut teaseren på ABC studio si Facebookside.

I januar 2022 var eg i studio igjen og spelte inn enda ei låt, den heiter Fjelltur. Målet er å gi ut denne ein gong før sommaren. Les meir om singelsleppet i Grannar her (du må ha abonnement for å lesa heile).

Dette er coveret til "Jentene på benken", og dette er faktisk eit originalbilde frå den tida eg gjekk forbi. Bildet er tatt av Siv Unni Matre. På bildet frå venstre Anne Gunn Halvorsen, Jeanette Belinda Grimås og Elisabeth Høiland.