Stian Furseth og Nils Erik Eide dannar duoen Furseth & Eide. F&E prøver å skapa god stemning med kassagitarar og eigne versjonar av norske og utanlandske songar. Me har blitt tatt godt i mot på våre spelejobbar - folk seier dei kjem i god stemning og blir i godt humør. Stian har lang erfaring som lokal artist, det same har Nils Erik. Dei har vore i ulike prosjekt saman tidlegare før duoen F&E blei ein realitet. FES band, Nytt Kjøkken og S.N.Ø er nokon av prosjekta. Med leadsinger Stian, to kassagitarer, cajun-tromme, munnspel og ukulele blir det ofte god stemning når desse to karane spelar opp.
Me er stolte over å vera på Rogalyd sine sider. Klikk på lenka og les om oss her.
PS: F&E har for tida ein liten pause og tek ikkje oppdrag for tida. Me håpar å vera tilbake om ei stund.
Bli gjerne medlem av sida vår på Facebook
Her er Furseth & Eide klar for ein ny jobb på Sandeid Sportsbar
- Detaljer
Eit kjekt prosjekt eg også er involvert i er saman med Lasse Jarmer. Han er ein av dei beste pianospelarane i distriktet. Namnet J a r E i d kjem av våre etternamn, Jarmer og Eide. Lasse er også aktiv med mange ulike prosjekt, det same er Nils Erik. Saman er Jarmer og Eide med i KORe' Vindafjord, som dei begge var sentrale med på å starte i 2007. Lasse er dirigent her medan Nils Erik er leiar.
Ute så spelar J a r E i d eigne versjonar av kjente og stemningsfulle songar. Ta kontakt dersom du ønskjer å leiga oss til eit arrangement, du finn informasjon under menyen "Booking".
Les om oss på Rogalyd.no. Bli gjerne medlem av sida vår på Facebook
Lasse Jarmer (t.v) og Nils Erik Eide, J a r E i d, på Sandeid samfunnshus i april 2025.
J a r E i d klar for spelejobb i Vikebygd i september 2020.
Eg tek på meg oppdrag under artistnamnet Nilsy. Då tek eg gitaren min og munnspelet og prøver å laga god stemning. Det er mykje norsk musikk eg formidlar - det er songar som er kjekke å syngja med på. Eg har lang erfaring som musikar med blant anna band som 7-UP, Prügelknabe, Port Salutt Band, FESband, Furseth & Eide og J a r E i d m.fl. Eide er også grunnleggjar av KORe´Vindafjord. Eg er født i Trondheim og budde i Stavanger fram til eg flytta til Vikedal som 7 åring, der har eg budd sidan.
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å booka meg til eit arrangement; kontaktinfo finn du i menyen "booking".
Lik gjerne sida mi på Facebook og les om meg på Rogalyd.no
N i l s y på Berget Kafè saman med dei lokale heltane FYK
Side 2 av 2